Vår gløymde jødiske landslagstrenar

Vår gløymde jødiske landslagstrenar

Vår gløymde jødiske landslagstrenar

József «Csibi» Braun hadde ein kort, men formidabel karriere som landslagstrenar for Noreg, så vart han gløymd. For 80 år sidan vart han eit offer for Holocaust, det er på tide å heidre hans minne.

Publisert: 05.02.23 kl. 20:04

ASGEIR UELAND, forfattar

I april 1932 stod det ein notis i landets aviser om at den ungarske borgaren Josef Braun hadde fått opphaldsløyve i Noreg. Han skulle fungere som trenar hos Noregs Fotballforbund ut august. «Tilladelsen er meddelt paa bestingelse av at vedkommende medvirker til utdannelse av norske tærnere og intruktører.»

Då han kom til Noreg 22. april, var Dagbladet på plass og intervjua den nye trenaren. Dagbladet hadde Jørgen Juve, landslagsspissen som framleis har flest mål. Braun var 31 år, vegen til Noreg var utfordrande. I Sverige hadde han mista pengane. Han vart berga av ein velmeinande nordmann som var i Gøteborg. Nordmannen hadde køyrd han til Oslo. I høve Dagbladet var den nye trenaren slik. «Energien lyser av mannen og at han kan spille fotball borger hans 37 landskamper for.»

Braun skulle òg trene klubbane i Aker fotballkrins gjennom sommaren. Men kven var eigentleg denne ungararen som hadde ansvaret for landslaget ei kort stund i 1932?

Den engelske forfattaren Jonathan Wilson har skrive bok om korleis ungarsk fotball vaks fram til å verte dominerande i verda. Mange av spelarane som kom til å endra fotballen før den andre verdskrigen, hadde opphav i Budapest-klubben MTK. Dei vart trena av engelskmannen Jimmy Hogan, ein gamal Bolton-spelar, som hamna i Budapest medan den fyrste verdskrigen reiv opp det gamle Europa.

Ein av dei sentrale i det laget var den 16 år gamle József «Csibi» Braun, fornorska til Josef eller Joseph i gamle aviser.

Braun vart fødd i ein jødisk familie 26. februar 1901. Han var framleis på gymnaset då Hogan oppdaga han. Hogan fekk 16 åringen inn i MTK. Eit lag som vant 10 ligatitlar på rad frå midten av 1910-talet til midten av 1920-talet. Dei vant til dømes serien i 1917-18 med 21 sigar, ein uavgjort. Målforskjellen var 147-10.

Den unge Braun spelte høgre ving. Han sprang 100 meteren på 11,8 i ei tid kor verdsrekorden var 10,6. Han hadde 6.06 i lengde då verdsrekorden var 7.61, som Wilson skriv. Han kunne heada i tillegg. 18 år gamal vart han årets spelar i Ungarn.

Så kom skadane. I staden tok han, som mange andre ungararar opp trenargjerninga. Som Dagbladet skreiv: «Braun hørte saman med spillere som Schlosser, Schaffer, Orth, Konrad II, Karoly, til Ungarns klassiske fotballgarde, som har fostret kontinetets beste spillere. Det er ganske bemerkelsesvedig at alle 6 nevnte spillere er blitt trenere.»

Fotballen dei fleste av ungararane hadde lært av Hogan, har i ettertid vorte karakterisert som byrjinga på totalfotballen. Noreg no skulle nyte godt av Brauns kunnskap. Braun fekk sitt kallenamn «Csibi» i samband med den populære barneboka om fotball av Bela Szenes som kom i 1919. Boka som handlar om ein mobba gut som vinn verda gjennom fotball.

Korleis «Csibi» hamna i Noreg veit me ikkje. Ein som fekk nyta godt av tenestene hans, var formannen i Aker fotballkrins, den norske jøden Charles Koritzinsky. Jamvel om Braun hadde lagt opp, snørte han på seg skoa og spelte ein del kampar for ulike lag i Vestre-Aker sommaren 1932. Braun la sin elsk på laget til Nydalen, som feide gjennom kretsserien med seks av seks sigrar.

I tillegg skulle han altså ta hand om det norske landslaget. Det vart ein god sommar. Noreg spelte fire kampar. Dei slo Estland, Finland og ikkje minst Sverige 4-1 på Ullevi. Mot Danmark vart det tap  2-1. Braun er framleis den norske landslagstrenaren med høgast prosent av sigrar med den uslåelege 75 prosent.

Ein sommar med fire landskampar var over. Og Braun drog frå landet. Koritzinsky sa til Akersposten at han vona at trenaren ville kome attende neste år. «Jeg tror nok jeg kan si at interesser er øket sterkt under Brauns virksomhet», oppsummerte formannen.

Men Braun kom aldri attende til Noreg. Utover på 1930-talet trena han lag i Tsjekkoslovakia og Ungarn. I 1938 var han i Sveits, før han hamna attende i Ungarn. Hausten 1933 spelte Noreg mot Tyskland i Magdeburg. Kampen enda 1-1, men naziregime hadde alt festa grepet i landet. Det skulle òg få konsekvensar for Braun.

Då verdskrigen braut ut vart Ungarn alliert med Tyskland. Den jødiske fotballstjerna nærma seg no 40. I 1942 vart han sendt som tvangsarbeidar til austfronten. Familien freista få han fri, men det nytta ikkje.

I februar 1943, mager, utsliten og øydelagt, trakk han sitt siste pust ein stad i Ukraina. Ein av seks millionar jødar som mista livet i Holocaust. Slik enda livet til ein av verdas beste vingar, som hadde bidrege litt for å gjere norsk fotball betre.

Til no har ingen brydd seg om Josef Braun. I jubileumsboka til NFF frå 1952 får han to setningar. I norsk Wikipedia er han ikkje nemnd. Ein kan seie at han berre var i landet kort tid, men likevel talar statistikken for seg. Samstundes henta ein inn ein trenar som stod i front av den internasjonale utviklinga på den tida. Og kva med alle dei andre han lærde opp i Vestre-Aker den sommaren? Kva spor finst attende av Braun der?

Dei vaksne landslaga spelar som kjend i faste ligaer om dagen, men kanskje kan NFF lage ei minneturnering for nokre av u-landslaga i Brauns namn? Det vil vere naturleg å invitere dei nasjonane Braun leida landslaget mot, og kanskje fødelandet Ungarn. I ei tid kor Holocaust vert fjernare og fjernare kan ein peike på laget MTK, ungarske jødar som endra fotballen og om respekt for andre.

No i februar er det 80 år sidan Braun kollapsa ein stad i Ukraina. Josef «Csibi» Braun 1901-1943, bør i framtida vere ein person alle i fotball-Noreg hugsar.

Og, som det heiter jødisk tradisjon: Måtte hans minne verte ei velsigning. Over til NFF.

Publisert: 05.02.23 kl. 20:04

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Would you like to receive notifications on latest updates? No Yes